Rundskriv om skolereglar

4. Korleis skal skolereglane utformast?

Skolereglane skal vedtakast i form av ei forskrift.1 Det betyr blant anna at formkrava i forvaltningslova må følgjast, og at institusjonar eller organisasjonar som det vedkjem, skal få høve til å uttale seg før forskrifta blir vedtatt, endra eller oppheva.2

Les meir om lokale forskrifter og finn mal for skolereglar her

Dette kan ein i praksis gjere ved at forslag til skolereglar og grunngivinga for desse blir sende til uttale til brukarorgana ved skolen (elevråd, foreldreråd eller anna) og organisasjonane til dei tilsette. 

I tillegg kan det vere formålstenleg å høyre andre instansar som kan ha interesse i å uttale seg, og/eller som kan kome med verdfulle erfaringar eller synspunkt. Det bør alltid setjast ein frist for å uttale seg. Fristen må vere lang nok til at dei som ønskjer å uttale seg, får tid til å setje seg ordentleg inn i forslaget.

For å sikre at skolereglane blir etterlevde, er det viktig med god informasjon, ikkje berre til elevar, men også til foreldre og tilsette. Utdanningsdirektoratet tilrår at skolen går gjennom reglane med elevar og foreldre, til dømes ved å gjennomgå reglane i klassen og ta opp skolereglane på foreldremøte.3

Skolereglane har først og fremst elevane som målgruppe, og reglane må derfor skrivast slik at elevane kan forstå dei. Dette stiller krav både til språket og utforminga av reglane. Dersom skolereglane er omfattande, kan det vere formålstenleg at skole eller kommune/fylkeskommune lagar ei oppsummering av innhaldet som dei deler ut til elevar og foreldre saman med dei fullstendige skolereglane. Vi vil også tilrå at skolereglane er tilgjengelege på heimesida til skolen.

Det er viktig at elevar og foreldre gjer seg kjende med reglane. Mange skolar krev derfor at elevar og foreldre signerer på at dei har lese og forstått reglane. Skolereglane er likevel inga avtale, og er gjeldande overfor elevane sjølv om dei ikkje har signert ei slik stadfesting.