Rundskriv om skolereglar

5. Når gjeld skolereglane?

Skolereglane gjeld i skoletida, det vil seie i den tida barna/ungdomane er elevar. Det inneber at både timar og friminutt, og aktivitetar som skoleturar er omfatta. Dersom elevar på vidaregåande skole har fritimar og oppheld seg utanfor skoleområdet, vil ikkje dette omfattast av skoletida. 

Skolereglane kan også gjelde for eleven sin oppførsel utanfor skolen og utanfor skoletida dersom oppførselen er relevant for skolemiljøet. Til dømes vil dei kunne gjelde på skolevegen, inkludert når elevane får skoleskyss etter opplæringslova kapittel 4 og 9. Om krenkingar skjer utanfor skoleområdet og utanfor skoletida, vil dei kunne sanksjonerast etter skolereglane dersom dei har sterk nok tilknyting til skolen og skolemiljøet. I dei tilfella der det er uklart om forholdet kan regulerast i skolereglane eller ikkje, må det gjerast ei skjønsmessig vurdering. I ei slik vurdering vil moment som om forholdet har noko å seie for undervisninga og læringssituasjonen, kunne vere sentrale.

Det bør derimot ikkje fastsetjast reglar som gjeld utanfor skoletida som blir grunngitte i andre omsyn enn skolemiljøet. Oppførselen til elevane på fritida kan ikkje regulerast i skolereglane. Skolen kan til dømes gi råd som er grunngitte i trafikktryggleik om når elevar bør få lov å sykle, men dei kan ikkje forby sykling. Skolen kan regulere bruk av mobiltelefon, men dei kan ikkje forby at eleven har med mobiltelefonen på skolen. Sjå tilråding om regulering av mobil.

SFO og leksehjelp er ikkje ein del av skoletida, og er dermed ikkje omfatta av skolereglane. Kommunen gir forskrift om SFO,1 og bør opprette eigne reglar for SFO. Det bør også utarbeidast reglar for leksehjelpa. På ein del område kan slike reglar samsvare med skolereglane, men det er til dømes ikkje heimel for bortvising frå SFO eller leksehjelpa.