Rundskriv om skolereglar

6. Kva blir regulert i skolereglane?

6.1 Generelt

Skolereglane skal innehalde føresegn om verkeområde, organisering av skoledemokratiet, rettar og plikter for elevane, blant anna om orden og oppførsel, og ikraftsetjing. Dersom skolane skal ha moglegheit til å setje i verk tiltak ved brot på skolereglane, må desse tiltaka også fastsetjast i skolereglane. 

Reglane skal ikkje avgrense rettane til elevane gitte etter opplæringslova eller andre lover og forskrifter. Sjå forarbeid til opplæringslova § 10-7. Det er elles opp til den enkelte kommune, fylkeskommune eller skole å avgjere kva for reglar ein ønskjer i skolereglane. Kommunen/fylkeskommunen kan til dømes velje å ha ei formålsføresegn i skolereglane, og dei kan også velje å utdjupe reglar som står i opplæringslova. 

Føresegnene i skolereglane bør utformast så tydeleg og forståeleg som mogleg. Skolereglane bør i så stor grad som mogleg vere positivt utforma, slik at ein i større grad fokuserer på korleis ein vil ha det på skolen enn korleis ein ikkje vil ha det. Reglane bør vere klare slik at dei ikkje skapar usikkerheit om kva for reglar som gjeld.

6.2 Rettar og plikter

Skolereglane skal regulere kva for rettar og plikter elevane har. 

Skolereglane kan basere seg på og utdjupe rettar som finst i opplæringslova eller opplæringsforskrifta, utan å gjenta det som står der. Ein kan til dømes utleie mange konkrete rettar og plikter ut av retten til å ha eit trygt og godt skolemiljø i kapittel 12 i opplæringslova. Dersom ein fastset i skolereglane at elevane har ein rett til å bli behandla med respekt og omtanke, har dei ei tilsvarande plikt til å behandle andre med respekt og omtanke, og skolen skal følgje opp dersom det ikkje skjer.

6.3 Orden og oppførsel

Det er viktig at det blir gitt klare rammer for god orden og god oppførsel i skolereglane. Dette er viktig både av omsyn til daglege enkelthendingar, og fordi grunnlaget for vurdering i orden og oppførsel er om eleven følgjer skolereglane.  Ein kan ikkje setje ned ein karakter i orden eller oppførsel, dersom eleven har følgt skolereglane. Elevane skal vere kjende med kva som blir lagt vekt på i vurderingane av orden og oppførsel.1

Skolen må regulere kva som fell inn under orden, og kva som fell inn under oppførsel i skolereglane. Orden heng saman med om eleven er punktleg, førebudd og har gode arbeidsvanar og arbeidsinnsats. Vurdering i oppførsel går på all oppførsel på skolen, både mot elevar, lærarar og andre tilsette.

Døme på kva som er god orden kan vere å

  • møte presis på skolen og til undervisninga
  • ha med nødvendige læremiddel og utstyr
  • rydde opp etter seg
  • gjere lekser og andre oppgåver så godt ein kan og til rett tid

Døme på kva som er god oppførsel kan vere å

  • vise omsyn og respekt for andre
  • vere på skolen og delta i undervisninga heile skoledagen
  • høyre på beskjedar frå tilsette
  • følgje skolen sine reglar for bruk av mobiltelefon, smartklokker og anna digitalt utstyr
  • vise respekt for eigedelane til skolen og andre
  • ikkje jukse eller forsøkje å jukse

Skolereglane bør ha føresegn om til dømes ulovlege gjenstandar, trugslar, rusmiddel og tobakk. Tobakk er forbode i lokala og uteområda til grunnskolar og vidaregåande skolar, og elevar skal vere tobakksfrie i skoletida. 

 Dette kan inngå i reglane om oppførsel, eller i eigne reglar.

Det bør fastsetjast tydelege reglar for fråvær og forseintkomming i skolereglane. Her kan det blant anna avklarast når forseintkomming vil gå over i ein times fråvær, og korleis skolen kan reagere ved forseintkomming. Alle skolar skal ha eit system for å registrere elevfråværet.2 Frå og med 8. trinn skal alt fråvær førast på vitnemålet i timar og dagar. Fråvær, orden og oppførsel skal ikkje få innverknad på vurderinga i fag, men stort fråvær kan føre til at lærarane ikkje kan vurdere kompetansen til eleven i fag, eller til at elevar i vidaregåande skole går over fråværsgrensa.3

6.4 Skolemiljø og anna regulering

Skolereglane kan vise til kva tilsette, elevar og foreldre legg i eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Mange skolar vil ha eigne ønske for skolemiljøet og lokale utfordringar som dei ønskjer å regulere. Reglane om eit trygt og godt skolemiljø er fastsette i opplæringslova kapittel 12. Skolereglane skal ikkje regulere korleis enkeltsaker skal handsamast. Les meir i Rundskriv om skolemiljø.

Det er ikkje heimel til å forby bruk av religiøse hovudplagg der ansiktet er synleg, i skolereglane. Dette kan til dømes vere hijab eller turban. Eit slikt forbod vil truleg også stri mot religionsfridomen.4 Elevar kan ikkje bruke plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet under opplæringa, uavhengig av om dette er fastsett i skolereglane. Dersom skolane skal kunne bruke tiltak overfor ein elev som bryt forbodet, må dette vere fastsett i skolereglane. Les meir i forarbeid til opplæringslova § 27-2. Tilsette kan heller ikkje bruke plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet når dei er saman med elevane.5

6.5 Organiseringa av skoledemokratiet

Elevane og foreldra skal involverast i planlegginga, gjennomføringa og vurderinga av skoleverksemda. Det betyr at dei skal få delta og medverke, og dermed få høve til å påverke utviklinga av skolen. Dette inneber blant anna arbeidet med skolemiljøet, kvalitetsutvikling i opplæringa og med å fastsetje skolereglar.6

Det skal gå fram av skolereglane korleis skoledemokratiet er organisert. Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Utgangspunktet er at kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan likevel velje å organisere seg på ein annan måte. Utgangspunktet er også at kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen (FAU). Foreldra kan likevel velje å organisere seg på andre måtar. Andre brukarorgan skal også gå fram av skolereglane.

Deltaking skal vere tilpassa alderen til elevane. Skolen skal vere aktiv, rettleie elevane om korleis dei kan drive elevdemokrati, og støtte dei i arbeidet undervegs. Det er ikkje tilstrekkeleg at skolen til dømes berre legg til rette for elevråd. Alle elevar skal få moglegheit til å delta i skoledemokratiet, uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, funksjonsnivå og sosial bakgrunn.