Rundskriv om skolereglar
7. Kva for tiltak kan innførast ved brot på skolereglane?
Skolereglane kan angi kva for tiltak som kan brukast mot elevar som bryt reglane.1 Skolen kan berre bruke dei tiltaka som er fastsette i skolereglane.
7.1 Kva er eit tiltak?
I utgangspunktet er alle tiltak der formålet er å straffe ein elev, eit inngrep overfor denne eleven. Slike inngrep krev heimel i lov. Tiltak som er regulererte i skolereglane, vil ha heimel i opplæringslova § 10-7. Det er derfor viktig at alle tiltak som skal brukast, er fastsette i skolereglane, og at dei tilsette på skolen innrettar seg etter det som står i skolereglane. Det går ei grense for kva for tiltak ein i det heile tatt kan ta inn i skolereglane. Fysisk refsing og anna krenkjande behandling kan aldri brukast. Ein kan heller ikkje hengje ut elevar. Sjå meir i forarbeid til opplæringslova § 10-7. Det er også berre den eller dei elevane som har brote reglane som ein kan ileggje tiltak.
Utanom reglane om bortvising (sjå nedanfor) oppgir ikkje opplæringslova kva for sanksjonar som kan fastsetjast i skolereglane. Dette er opp til den enkelte fylkeskommune, kommune eller skole. Det bør gå fram av skolereglane kven som kan setje inn ulike tiltak.
Alle tiltak må bli vurderte opp mot kor alvorleg brotet på skolereglane er. Det inneber at det må vere samsvar mellom misferd og reaksjon. Der ein elev har forstyrra undervisninga, vil til dømes ein samtale med lærar eller rektor kunne vere tilstrekkeleg. Eit tiltak bør gjerast så raskt etter regelbrotet som mogleg. Eit tiltak må heller ikkje innebere usakleg forskjellsbehandling eller vere basert på usaklege omsyn.
Ein lærar må kunne setje inn enkelte, mindre inngripande tiltak som ein del av undervisninga, utan at dette må fastsetjast i skolereglane. Opplærings- og ordensmessige tiltak kan til dømes vere at to elevar ikkje lenger får sitje ved sida av kvarandre, eller at ein får beskjed frå lærar om å leggje mobiltelefonen ned i sekken.
7.2 Bortvising
Bortvising er det einaste tiltaket for brot på skolereglane som blir omtala i opplæringslova. Bortvising vil seie at eleven blir send ut frå opplæringa i ein kortare eller lengre periode.2 Kommunen kan fastsetje i skolereglane at elevar på 1.–7. trinn kan visast bort frå undervisninga i enkelttimar eller resten av dagen, og at elevar på 8.–10. trinn kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar. I vidaregåande skole kan fylkeskommunen fastsetje i skolereglane at elevar kan visast bort i inntil fem dagar dersom reglane er brotne i alvorleg grad eller fleire gonger. Det kan også fastsetjast at elevar i vidaregåande skole kan visast bort resten av skoleåret ved særleg alvorlege brot.
Bortvising er det mest alvorlege og inngripande tiltaket ein kan setje inn for brot på skolereglane, fordi eleven sin rett til opplæring blir sett til side for ein avgrensa periode. Sjølv om bortvising er særleg regulert, betyr det ikkje at dette er eit formålstenleg tiltak eller eit tiltak som bør brukast ofte. Dette blir også understrekt ved at det i lova blir vist til at brot på reglane må vere alvorlege eller ha skjedd fleire gonger. Det går fram av forarbeida3 at bortvising ofte, og særleg i grunnskolen, vil vere ein lite formålstenleg reaksjon. Ei vurdering av kva som er det beste for eleven, vil ofte tilseie at bortvising ikkje bør brukast som tiltak.4
Ein kan ikkje ha utestenging frå ein skoletur som eit tiltak i skolereglane. Det vil seie at ein elev ikkje kan risikere å gå glipp av aktivitetar som skolen arrangerer på bakgrunn av noko eleven har gjort i forkant av og uavhengig av aktiviteten.
Rektor sjølv vedtar om eleven skal visast bort. Før det blir bestemt at eleven skal visast bort, skal andre og mildare tiltak vurderast. Dersom andre tiltak ikkje er formålstenlege i situasjonen, er ikkje skolen forplikta til å ta dei i bruk. Foreldra til elevar på 1.–7. trinn skal varslast før eleven blir vist bort for resten av dagen. Det alminnelege omsorgs- og tilsynsansvaret for elevane, inneber også at skolen kan ha plikt til å melde frå til foreldra til elevar på høgare trinn. Dette må skolen vurdere konkret i kvar enkelt sak. Les meir i forarbeid til opplæringslova § 13-1. Foreldra vil ha ansvaret for elevar som er viste bort frå skolen.
Lærarar kan få delegert myndigheit til å vise bort elevar frå eiga undervisning i ei opplæringsøkt, avgrensa oppover til to timar. Ei opplæringsøkt omfattar undervisning med same lærar/lærarar innanfor same undervisningsområde. Rektor kan ikkje gi lærarar myndigheit til å vise bort elevar for ein lengre periode enn dette. Rektor står fritt til å delegere denne myndigheita til ein, fleire eller alle lærarane ved skolen. Rektor bør likevel alltid gjere ei konkret vurdering av om delegeringa er forsvarleg og formålstenleg. Berre rektor har høve til å fatte vedtak der eleven blir send heim. Det inneber at der elevar er viste bort frå undervisninga til ein lærar, vil eleven opphalde seg på skoleområdet og vere skolen sitt ansvar. Det må vurderast konkret ut frå blant anna oppførselen og alderen til eleven om det er nødvendig å ha tilsyn med eleven i denne perioden.
Ein mykje sterk reaksjon i vidaregåande opplæring er at ein elev kan visast bort frå resten av opplæringsåret. Eit slikt vedtak må fattast av fylkeskommunen. Rektor har altså ikkje høve til å vise bort ein elev resten av året.
7.3 Skolebyte
Moglegheita til i særlege tilfelle å flytte ein elev til ein annan skole, er regulert i opplæringslova § 13-2. Dette er ein sjølvstendig heimel, som kan nyttast uavhengig av om skolebyte er nemnd i skolereglane eller ikkje. Ein elev kan altså overførast til ein annan skole, til dømes som eit tiltak for å vareta retten til elevar til eit godt skolemiljø etter kapittel 12, utan at dette står som eit tiltak i skolereglane. Det kan likevel vere formålstenleg å nemne i skolereglane at dette er eit mogleg tiltak.
7.4 Nedsett karakter i orden eller oppførsel
Når ein elev blir vurdert i orden og i oppførsel, skal det gjerast ei heilskapleg vurdering av eleven opp mot skolereglane over ein lengre tidsperiode. Eleven og foreldre har rett på skriftleg varsel dersom det er fare for at eleven kan få nokså god (Ng) eller lite god (Lg) i orden eller i oppførsel.5 Dette er ei anna vurdering enn spørsmålet om eit tiltak i eit konkret tilfelle av brot på skolereglane. Mange skolar nyttar seg av eit system med merknader for enkeltbrot på skolereglane, både for å halde oversikt og gi elevane ei åtvaring.
Vanlegvis skal ikkje lærarane ved fastsetjing av karakter i orden eller oppførsel leggje avgjerande vekt på enkelthendingar. Unntaket er ved særleg klanderverdige eller grove enkelthendingar, til dømes grov vald. Det bør derfor nemnast i skolereglane at nedsett karakter i orden eller oppførsel også kan nyttast som tiltak. Ei grov eller klanderverdig enkelthending kan få vekt i ei samla vurdering av karakteren, utan at den nedsette karakteren nødvendigvis framstår som ein reaksjon berre på denne hendinga.6
Elevane skal møte til undervisninga. Gjentakande problem med punktlegheit, til dømes gjentakande forseintkomming, kan føre til varsel om at ordenskarakteren kan bli nedsett. Bakgrunnen for at elevane kjem for seint, vil vere avgjerande for om fråværet kan få noko å seie for ordenskarakteren.
7.5 Førebels inndraging av gjenstandar
Når skolereglane har reglar om eige av farlege, uønskte eller ulovlege gjenstandar, skal det fastsetjast skolereglane korleis dette skal handsamast. Det kan til dømes vere førebels inndraging av gjenstanden. Ulovlege gjenstandar og ulovlege rusmiddel, som til dømes våpen og narkotika, skal overlatast til politiet.
Ein mobiltelefon, sigarettar, snus eller liknande kan inndragast som eit tiltak for brot på skolereglane. Kor lenge ein mobiltelefon kan bli tatt frå ein elev, må vurderast ut frå kor alvorleg og gjentakande brotet på reglane er, og kor skadeleg for undervisning, ro og orden det vil vere å gi telefonen tilbake. Varigheita må vurderast konkret. Langvarig inndraging, til dømes ein heil dag, bør praktiserast med varsemd, men kan nokre gonger vere nødvendig. Bruk av makt for å inndra ein gjenstand er i utgangspunktet ikkje lov. Sjå meir om dette under punkt 7.7.
Umyndige elevar som får alkohol eller tobakk inndrege på skolen, har ikkje rett til å få desse gjenstandane tilbake seinare. Desse bør leverast til foreldre av omsyn til foreldreansvaret.
7.6 Erstatning
Elevar eller foreldre kan bli erstatningsansvarlege for hærverk eller liknande. Dette treng ein ikkje å regulere i skolereglane, da desse erstatningsreglane følgjer av skadeserstatningslova. Skolereglane kan ikkje vere i strid med reglane i skadeserstatningslova, men det kan vere fornuftig å ha eigne reglar i skolereglane der eleven kan få høve til å utbetre skadane sjølv, til dømes ved å rydde søppel, vaske golv eller fjerne tagging.
7.7 Politimelding, etterforsking og bruk av fysisk makt
Straffbare forhold som skjer på skoleområdet, bør meldast til politiet. For mindre alvorlege forhold må ein vurdere konkret om politimelding er formålstenleg. Uavhengig av ei melding, må skolen vurdere saka opp mot skolereglane og vurdere korleis ein skal følgje opp eleven.
Skolen eller lærarane har ikkje heimel til å utføre etterforskande tiltak. Ved mistanke om straffbare handlingar kan ikkje skolen eller lærarane ransake eigedelane eller skapa til elevane for å beslagleggje gjenstandar som kan vere eigna som bevis. Slike etterforskingsskritt blir utførte av politiet. Politiet vil da følgje dei straffeprosessuelle reglane som gjeld for tvangsmiddelbruk, noko som inneber ei vurdering av om tiltaket er høveleg og nødvendig. Tilsette i skolen, leksehjelpa eller SFO kan ikkje bruke tvang og makt med mindre det er for å gripe inn mot ein elev for å hindre at eleven krenkjer ein person fysisk, skader eigedom, utset seg sjølv for fysisk fare eller viser ei åtferd som er sterkt fornedrande for seg sjølv.7 Dette kan tilsette berre gjere når andre tiltak ikkje er tilstrekkelege.
Les meir om å gripe inn fysisk mot elever for å avverge skade