Rundskriv om skolereglar
8. Saksbehandlingsreglar ved bruk av tiltak
Opplæringslova gir ikkje uttømmande saksbehandlingsreglar ved bruk av tiltak. Kommunen, fylkeskommunen eller skolen må som forvaltningsorgan alltid følgje dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, anten det dreier seg om forskrifter eller enkeltvedtak.
Før det blir tatt ei avgjerd om tiltak/reaksjon, til dømes om bortvising, har eleven rett til å bli høyrd.1 Kor omstendeleg dette skal gå føre seg, vil variere med alvoret av regelbrotet, men eleven skal uansett få moglegheita til å fremje si side av saka.
Dei mest alvorlege sanksjonane for brot på skolereglane vil vere så avgjerande for rettane eller pliktene til elevane at det må fattast enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2, noko som krev skriftleg vedtak med grunngiving og opplysing om klagerett.
Bortvising for ein dag eller meir, vil vere eit enkeltvedtak. Utgangspunktet er at bortvising for kortare tid enn ein dag ikkje vil vere eit enkeltvedtak. Les meir i forarbeid til opplæringslova § 13-1. Sjølv om kortvarig bortvising normalt ikkje er eit enkeltvedtak, må rektor rådføre seg med lærarane til eleven før bortvisinga blir vedtatt. Dette følgjer av den alminnelege plikta til å opplyse saka.2 Dette gjeld også for vedtaket til fylkeskommunen. Uavhengig av om bortvisinga er eit enkeltvedtak eller ikkje, skal eleven høyrast, og det skal leggjast vekt på meininga til eleven. Det beste for eleven må vege tungt i vurderinga.3 Eleven har også rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.4
På grunn av det korte tidsperspektivet ved bortvising må skolen til vanleg tillate munnleg klage på slike enkeltvedtak, til dømes per telefon. Dette kan vere nødvendig for å gi elevar og foreldre ein reell klagerett i bortvisingssaker. Skolen må da nedteikne klagen skriftleg.5
At ein elev blir flytta til ein annan skole av omsyn til dei andre elevane, vil vere eit tiltak etter opplæringslova som er så inngripande at skoleeigar må fatte eit enkeltvedtak. Det går eksplisitt fram av opplæringslova § 13-2 at kommunen eller fylkeskommunen skal fatte slikt vedtak dersom dei vedtar pålagt skolebyte.
Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova.6
Det er viktig å oppretthalde eit godt samarbeid mellom skolen og heimen, og skolen skal samarbeide med foreldra om opplæringa til eleven.7 Sjølv om eit tiltak ikkje krev enkeltvedtak, bør derfor skolen informere foreldra om hendinga og reaksjonen som har blitt brukt. Også ved innføring av tiltak grunngitte i opplæringa kan det vere behov for å kontakte foreldra. Kommunen og fylkeskommunen skal gi elevane og foreldra den informasjonen dei har bruk for, blant anna om opplæringa, den enkelte eleven, skolemiljøet, skolereglane og om dei rettane og pliktene elevane elles har.8