Privatskolelova
§ 3-6 Individuell tilrettelegging
Elevar i privatskolar godkjende etter lova her har same rett til individuell tilrettelegging som elevar i offentlege skolar. Reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-11 gjeld tilsvarande for privatskolar.
Heimkommunen eller heimfylket til eleven gjer vedtak om personleg assistanse, vedtak om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring etter reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6, jf. § 11-7. Heimkommunen eller heimfylket skal dekkje utgiftene til individuell tilrettelegging etter reglane i opplæringslova §§ 11-4 til 11-6 i private skolar på lik linje med offentlege skolar. Vedtak om dekning av utgifter til individuell tilrettelegging er eit enkeltvedtak. Berekninga av midlar til individuelt tilrettelagd opplæring skal vere relatert til talet elevar med individuelt tilrettelagd opplæring. I tvilstilfelle avgjer departementet kva kommune eller fylkeskommune som er ansvarleg for kostnadene. Departementet har tilsvarande ansvar for elevar ved norske skolar i utlandet.
Departementet kan gi forskrift om gjennomføring av reglane om individuell tilrettelegging.
Departementet er klageinstans for klage over kommunale og fylkeskommunale enkeltvedtak om individuell tilrettelegging.
Endra ved lover 26 nov 2004 nr. 74 (ikr. 1 des 2004, sjå lovas III), 29 juni 2007 nr. 92 (ikr. 1 juli 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 757), 22 juni 2012 nr. 53 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 22 juni 2012 nr. 582), 16 juni 2017 nr. 70 (ikr. 1 aug 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 754), 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 15 juni 2022 iflg. res. 10 juni 2022 nr. 997), 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).