Privatskolelova
§ 3-6a Samarbeid og samordning
Skolen skal samarbeide med andre tenesteytarar dersom samarbeid er nødvendig for å gi eleven eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Dersom eleven har individuell plan etter anna lov og forskrift, skal skolen delta i samarbeid om utarbeiding og oppfølging av tiltak og mål i den individuelle planen.
Kommunen skal samordne tenestetilbodet etter første ledd. Ved behov skal kommunen bestemme kva for ein kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga. Dersom det er oppnemnt barnekoordinator etter helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a, skal koordinatoren sørgje for samordning av tenestetilbodet.
Skolen skal, i tillegg til å følgje opp einskilde elevar, samarbeide med andre tenesteytarar slik at skolen og dei andre tenesteytarane kan vareta sine oppgåver etter lov og forskrift.
Når det er nødvendig for å vareta ansvaret etter første til tredje ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordningen artikkel 9 og 10.
Med tenesteytarar er det her meint kommunale, fylkeskommunale og statlege tenesteytarar, private tenesteytarar som utfører oppgåver på vegner av ein slik tenesteytar, barnehagar som får tilskot etter barnehageloven § 19 og skolar som får statstilskot etter privatskolelova § 6-1.
Tilføyd ved lov 21 juni 2013 nr. 98 (ikr. 1 aug 2013 iflg. res. 21 juni 2013 nr. 685), endra ved lov 11 juni 2021 nr. 78 som endra ved lov 10 juni 2022 nr. 39 (i kraft 1 aug 2022 iflg. res. 20 mai 2022 nr. 871).