Privatskolelova
§ 6A-1 Godkjenning av skolar
Dette kapitlet gjeld godkjenning av diverse skolar som gir yrkesretta opplæring. Skolar som 30. juni 2010 var godkjende og i drift etter tidlegare kapittel 6A i denne lova, har rett til statstilskot og til å drive verksemd etter dette kapitlet.
Departementet kan etter søknad godkjenne driftsendringar og nye skolar etter dette kapittelet. Departementet kan gi forskrift om fastsetjing av maksimalt elevtal per linje eller tilbod på desse skolane. Godkjenninga fell bort dersom ein skole ikkje startar opp verksemda si i løpet av tre skoleår etter at godkjenning vart gitt. Det same gjeld om drifta etter lova blir nedlagd.
Departementet kan gi forskrift om fristar for søknader om godkjenning av driftsendringar og nye skolar.
Departementet kan gi forskrift om kjøp av opplæringstenester.
Tilføyd ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).