Privatskolelova
§ 6A-2 Krav til innhald og vurdering av opplæringa
Skolen skal drive verksemda si etter læreplanar godkjende av departementet. Det må gå fram av planane kva slags vurderingsformer og dokumentasjon skolen skal nytte. Skolen skal ha læreplanar som er på nivå over grunnskoleopplæring. Skolen definerer sjølv sitt eige faglege og/eller verdimessige grunnlag. Opplæringa skal vere på norsk eller samisk. Dersom særlege grunnar tilseier det, kan ein skole få godkjent andre undervisningsspråk enn norsk og samisk.
Departementet kan gi forskrift om vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon.
Departementet kan gi forskrift om eit nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk.
Tilføyd ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710).