Privatskolelova
§ 6A-3 Inntak av elevar
Skolane skal ha heile landet som inntaksområde.
Skolane skal ha eit inntaksreglement som viser prioriteringa av søkjarar, dersom søkinga er større enn kapasiteten til skolen. Skolen kan i reglementet fastsetje vilkår for inntak til skolen. Reglar for prioritering av søkjarar skal vere baserte på saklege omsyn. Skolen avgjer i samsvar med reglementet kven av søkjarane som skal takast inn.
Ved avgjerd etter desse reglane gjeld forvaltningsloven. Avgjerder om inntak er enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2. Departementet er klageinstans.
Departementet kan gi forskrift om avgrensingar i inntaket av søkjarar utan fast tilknyting til Noreg.
Tilføyd ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710).