Privatskolelova
§ 6A-6 Offentlege tilskot, skolepengar mv.
Alle offentlege tilskot og skolepengar skal kome elevane til gode. Dette inneber mellom anna at skolen ikkje kan:
- gi utbytte eller på annan måte overføre overskot til eigarane eller deira nærståande, verken når skolen er i drift, eller om drifta blir nedlagd
- pådra seg kostnader i form av leigeutgifter for eigedom eller lokale som tilhøyrer skolens eigarar eller deira nærståande, eller på annan måte pådra seg kostnader som kan innebere at offentlege tilskot eller eigendelar frå elevane ikkje kjem elevane til gode.
Departementet kan gi forskrift om forbod mot utbytte eller anna overføring som nemnt i første ledd.
Departementet fastset i forskrift kor stor del av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, skolane får i statstilskot til godkjend opplæring. Tilskotet blir rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning som minst tilsvarar eit halvt skoleår. Departementet kan gi forskrift om dokumentasjon for og rapportering av elevtal. Departementet kan gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at krava i første ledd er oppfylte, og om skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp og leige er gjort på grunnlag av marknadsvilkår.
Skolane kan krevje skolepengar. Styret fastset storleiken på skolepengane. Departementet fastset i forskrift kor stor del av tilskotsgrunnlaget etter tredje ledd som skolepengane maksimalt kan utgjere. I tillegg til dei ordinære skolepengane kan skolane krevje eit beløp fastsett av departementet for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader. Departementet kan i særskilde tilfelle fastsetje tidsavgrensa unntak frå kravet.
Skolane kan påleggje elevane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha, og dei kan krevje betaling frå elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell. Skolane kan ikkje krevje noka form for betaling for opplæringa utover det som følgjer av denne paragrafen eller forskrift gitt i medhald av denne paragrafen. Departementet kan gi forskrift om høve til å ta betaling for opplæringa.
Tilføyd ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 31 (i kraft 1 aug 2023 iflg. res. 9 juni 2023 nr. 825).