Privatskolelova
§ 6A-7 Andre reglar
Følgjande reglar i denne lova gjeld så langt dei passar for skolar etter dette kapitlet:
- § 1-1 andre og tredje ledd om formålet med lova
- § 1-2 om verkeområdet
- § 2-2 om krav til verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell godkjenninga bort
- § 2-4 om krav til skoleanlegg og skolemiljø
- § 3-3 tredje ledd om skolegangen
- § 3-4 om organisering av elevane i klassar eller basisgrupper
- § 3-4 a om fjernundervisning
- § 3-4 b om tilpassa opplæring
- § 3-15 om forbod mot bruk av plagg som dekkjer ansiktet
- § 4-1 om leiing
- § 4-3 om politiattest og forbod mot tilsetjing
- § 5-1 om styret, med unntak av bokstavane a og c
- § 5-2 om styret sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e
- § 5-2a om internkontroll
- § 5-2b første ledd om plikt til å arbeide med kvalitetsutvikling
- § 5 A-5 andre ledd om organisering av skoledemokratiet
- § 5 A-7 om skolereglar
- § 7-1 om budsjett, rekneskap og rapportering
- § 7-2 om tilsyn m.m.
- § 7-2a om moglege reaksjonsformer
- § 7-2b om karantene
- § 7-3 om teieplikt
- § 7-9 første og femte ledd om behandling av personopplysningar
Tilføyd ved lov 19 juni 2020 nr. 91 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 11 des 2020 nr. 2710), endra ved lov 11 juni 2021 nr. 80 som retta ved ny kunngjering 25 juni 2021 nr. 2136 (ikr. 1 aug 2021 iflg. res. 11 juni 2021 nr. 1899), endra ved lov 9 juni 2023 nr. 30 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 31 mai 2024 nr. 1028).