Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 2-1 Krav til budsjett ved søknad
Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole. Budsjettet skal berre innehalde transaksjonar som vedkjem skoledrifta. Budsjettet skal vise kostnader for det totale elevtalet skolen har søkt om, og korleis drifta skal finansierast. Budsjettet skal mellom anna vise kostnader til løn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader samt kostnader til materiell, inventar, husleige og finanskostnader.
I notar til budsjettet skal det gå fram korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut. Budsjettet skal følgje gjeldande Norsk standard kontoplan.
Dersom skolen skal drive tilleggsverksemder, jf. § 7-1, skal søknaden innehalde eigne avdelingsbudsjett. Budsjetta skal vise at tilleggsverksemdene samla er sjølvfinansiert.
Dersom skolen og tilleggsverksemda har felleskostnader, skal desse fordelast i budsjettet på den einskilde avdeling.
Endra ved forskrift 15 juni 2022 nr. 1024.