Økonomiforskrift til privatskolelova
§ 2-2 Krav til søknad om anna tilleggsverksemd
Utdanningsdirektoratet kan etter søknad godkjenne at ein skole driv anna tilleggsverksemd enn den som er nemnd i § 7-1 bokstav a til l. Verksemda må vere nært knytt til skoleverksemda og utgjere ein mindre del av den totale verksemda. Tilleggsverksemdene må samla sett være sjølvfinansierte. Søknaden må følgjast av eit realistisk budsjett for denne drifta, jf. § 2-1.