Deltakarundersøkinga for barnehageleiarar 2023
Stor variasjon i korleis barnehageeigarar involverer og engasjerer seg i leiarutdanninga til deltakarane
Deltakarundersøkinga for barnehageleiarar som tek vidareutdanning i studieåret 2022/2023 viser at deltakarane i all hovudsak er svært fornøgde. Utdanninga er relevant og svarer godt til barnehageleiarars behov.
Formålet med undersøkinga er å bidra til vidareutvikling av leiarutdanningstilboda som er etablerte for barnehagestyrarar og gi kunnskap til tilbydarane, praksisfeltet og nasjonale styresmakter.
- Det er stor variasjon i korleis barnehageeigar involverer og engasjerer seg i leiarutdanninga til deltakarane. Medan enkelte eigarar er aktivt involvert, støttande, og jamleg i dialog med deltakarane undervegs, er andre eigarar berre involvert i å godkjenna søknaden om studieplass.
- Å prøva ut ny praksis på eigen arbeidsplass er viktig for læringsutbyttet av leiarutdanningane. Undersøkinga viser at utviklingsarbeidet speler ei vesentleg rolle
- Ni av ti uttrykkjer semje i at leiarutdanninga har gitt dei kompetanse til å utvikla barnehagen, og det store fleirtalet av deltakarane hevdar også at han faktisk har medført betre leiing i barnehagen.