Deltakarundersøkinga for den nasjonale rektorutdanninga 2023
Fleire opplever skuleleiarutdanninga som særs relevant
Deltakarane på den nasjonale rektorutdanninga har høgt læringsutbytte og er veldig tilfredse med utdanninga. Fleire enn i fjor hevdar at studiet i svært stor grad har vore relevant.
Undersøkinga skal bidra til vidareutvikling av den nasjonale rektorutdanninga og omfattar spørsmål knytt til oppleving av studiet og dets kvalitet, relevans og nytteverdi. Dette er den tredje deltakarundersøkinga i den tredje versjonen av rektorutdanninga.
Framleis høg motivasjon for å ta vidareutdanning
Ni av ti deltakarar uttrykkjer høg grad av motivasjon.
Utfordrande å kombinera studiar med jobb
Arbeidsbelastninga med å studera og jobba på heiltid, er krevjande. Knappleik på tid blir framheva gjennomgåande på spørsmålet om kva deltakarane sakna av tilrettelegging.
Auka erfaringsdeling
I undersøkinga i år er det ein signifikant auke i andelen som oppgir at dei har fått tilbakemeldingar på eiga leiing og som har diskutert ny kunnskap med kollegaer, samanlikna med tilsvarande undersøking i 2022.
Ferdigheitstrening er viktig for utvikling av skuleleiarrolla
Auke i andelen som meiner at studiet i svært stor grad har vore relevant. Det kan ha samanheng med ein tilsvarande auke i andelen som oppgir at studiet har vore praktisk orientert og at kombinasjonen av praksis og teori har vore god.
Framleis stort læringsutbytte og stor tilfredsheit blant deltakarane
Mange deltakarar oppgir å vera svært fornøgde med utdanninga, og nær halvparten svarer at dei i stor grad har forandra eigen praksis. Læringsutbyttet til deltakarane rettar seg i størst grad mot eiga individuell utvikling. Endringar i praksis ved skulen er ikkje like tydelege, men tre av fire meiner at skulen i ei viss grad eller meir har justert praksisen sin som ein konsekvens av rektorutdanninga.
Deltakerundersøkelsen for skoleledere
Vi gjennomfører jevnlig spørreundersøkelser med ansatte i skole og barnehage som har tatt videreutdanning i faget sitt. Fra 2021 blir også skoleledere som tar videreutdanning for spurt om hvordan studiet fungerte for dem.
Se oversikt over alle rapportene for ansatte i skole og barnehage