Film: Leikemiljø

Leik er ein svært sentral del av alle barns kvardag. Det er derfor viktig at de som jobbar i SFO har eit medvite forhold til det fysiske leikemiljøet.

Barnas leikemiljø, anten det er ute eller inne, påverkar leiken deira. For å kunna skapa og halda oppe eit godt leikemiljø, krev det tilrettelegging, kreativitet, nærvær og deltaking. Filmen kan brukast som eit utgangspunkt for refleksjon rundt eit godt leikemiljø, og korleis det kan inspirera til og vidareutvikla barns leik.

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis legg vi til rette for eit godt leikemiljø i vår SFO? Kva gjer vi inne? Kva gjer vi ute?
  • Kan vi organisera leikemiljøet vårt på ein annan måte enn i dag? Korleis?
  • Korleis forandrar vi areala slik at vi legg til rette for interessene, ønska og behova til barna?
  • Korleis inkluderer vi barna når vi planlegg leikemiljøet?
Rammeplan for SFO