Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter automatiseringssystem
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- risikovurdere og utføre arbeidet på automatiseringssystem fagmessig, nøyaktig og i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, normer og den tekniske dokumentasjonen frå produsentane
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere yrkesoppgåver knytte til automatiseringssystem individuelt og i samarbeid med andre og grunngi val som er gjorde
- montere, setje i drift, programmere og funksjonsteste programmerbare styringssystem knytte til elektriske motoranlegg og hydrauliske og pneumatiske anlegg
- løyse automatiseringsoppgåver ved å programmere og funksjonsteste ein industrirobot og gjere greie for funksjonen og bruksområdet til robotar
- montere, kalibrere og setje i drift fleire typar reguleringssløyfer for å oppnå ønskt resultat og å gjere greie for funksjonen og verkemåten til komponentane og krinsane
- montere, setje i drift og funksjonsteste maskin-til-maskin-kommunikasjon i automatiserte anlegg, gjere greie for verkemåten til komponentane og vurdere tiltak for å etablere eit sikkert elektronisk kommunikasjonsnett
- installere og konfigurere menneske–maskin-grensesnitt (HMI) for eit automatiseringssystem og gjere greie for bruksområda
- utforske og kople sensorar til eit automatisert styresystem, utføre målingar på desse og gjere greie for digitale og analoge signal
- utvikle og byggje eit sjølvvalt produkt der sensorar og programmerbare elektroniske komponentar inngår
- framstille mekaniske komponentar og delar ved rett bruk av handverktøy, maskiner og additiv tilverkingsmetode, utføre samanføyingsmetodar, som låsing av skrueforbindelsar, liming, poppnagling og lodding, og vurdere kvaliteten på arbeidet
- utføre systematisk feilsøking i automatiseringssystem ved hjelp av rette instrument, program og dokumentasjon og ta omsyn til nøyaktigheita til måleinstrumentet
- gjere greie for ulike energiberarar og korleis justering av styre- og reguleringssystema påverkar energiforbruket
- kjeldesortere avfall etter eige arbeid i samsvar med internkontrollsystemet og beskrive klima- og miljøbelastninga av ulike komponentar og materiale i faget automatiseringssystem
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
- vurdere korleis styre- og reguleringssystem bidreg i samfunnsutviklinga i eit miljø- og berekraftperspektiv
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i automatiseringssystem når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i automatiseringssystem. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i automatiseringssystem ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i automatiseringssystem basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.