Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 automatisering handlar om å utvikle kompetanse i energi-, styre- og reguleringssystem. Faget førebur elevane på arbeid innanfor automatiserte anlegg og installasjonar i landbasert og maritim industri, bygg, verdisikring, maskinbygging og tavleproduksjon. Vg2 automatisering gir kunnskap om korleis automatisering er i bruk på ulike samfunnsområde, og bevisstgjer elevane på krava samfunnet stiller til effektiv produksjon, kvalitet og energieffektivitet der automatiseringssystem inngår i løysingane.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 automatisering skal bidra til å utvikle sjølvstendet, tiltakslysta, kreativiteten og samarbeidsevna til elevane. Faget legg til rette for elevsamarbeid uavhengig av kjønn og kultur og gjer elevane i stand til å ta ansvarlege og etiske val knytte til ressursutnytting og ei berekraftig utvikling.