Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 automatisering inneber å kommunisere forståeleg i faglege diskusjonar ved å bruke eit presist og mottakartilpassa språk. Det inneber også å kunne delta i diskusjonar om sikkerheit og val av faglege løysingar i automatiserte anlegg.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 automatisering inneber å beskrive val av faglege løysingar og lage korrekt dokumentasjon ved planlegging og gjennomføring av arbeidet. Det inneber at bruk av språk, bilete og symbol skal vere faglege, og at tekstane skal vere presise og tilpassa lesaren.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 automatisering inneber å tileigne seg ny kompetanse, finne fram til relevant informasjon, tolke fagtekstar og bruke gjeldande regelverk og tilrådingar. Det inneber også å kunne lese faglege termar og symbol i utføringa av ulike arbeidsoppgåver.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 automatisering inneber å gjere matematiske berekningar og vurdere måleresultat mot forventa verdiar. Det inneber også å kunne hente informasjon frå tabellar, statistikk og diagram og bruke symbol og prefiks rett i oppgåveløysing. Vidare handlar det om å gjere økonomiske vurderingar av tid og materialbruk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 automatisering inneber å etablere digital kommunikasjon, utføre feilsøking og simulere og programmere ved hjelp av digitale verktøy. Digitale ferdigheiter inneber også å kunne produsere teikningar og tekniske underlag og å vere kjeldekritisk ved informasjonssøk. Digitale ferdigheiter inneber å halde seg oppdatert på ny teknologi og å vise digital dømmekraft og etisk refleksjon.