Vg2 automatisering (AUT02‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg2 automatisering handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle meistringskjensle og stoltheit over eige arbeid og å ha tiltru til eigne ressursar. Vidare handlar det om gode arbeidsteknikkar som førebyggjer helseutfordringar. Det handlar også om korleis elektrisitet og digitalisering bidreg til livskvalitet og velferd for menneske.
Demokrati og medborgarskap
I vg2 automatisering handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om aktiv elevmedverknad med kunnskap og forståing for eit organisert og meir likestilt arbeidsliv, og korleis arbeidslivet er bygd opp, inkludert trepartssamarbeidet og rollene til arbeidslivsorganisasjonane i arbeidslivet. Det handlar vidare om korleis elektronisk kommunikasjon og informasjonsspreiing både kan støtte og true demokratiske prosessar.
Berekraftig utvikling
I vg2 automatisering handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gjennomføre etiske og ansvarlege val av produkt og tekniske løysingar. Vidare handlar det om energieffektive tiltak og alternative energikjelder og ulike dilemma dette kan medføre. Det handlar òg om korleis valde løysingar og elektriske produkt påverkar miljøet. Å handtere avfall på ein miljøvennleg og berekraftig måte inngår òg i det tverrfaglege temaet.