Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter pedagogisk arbeid

  • gjere greie for kva leik er, og kva betydning leik har for læring og utvikling hos barn og unge, og leggje til rette for ulike former for leik tilpassa alders-, modnings- og funksjonsnivå
  • drøfte faktorar for gode sosialiseringsprosessar hos barn og unge
  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere praktisk-estetiske aktivitetar i det pedagogiske arbeidet for barn og unge
  • beskrive didaktiske metodar i det pedagogiske arbeidet som bidreg til motivasjon og fremjar glede og meistring
  • gjere greie for ulike observasjonsmetodar og vise korleis desse kan vere utgangspunkt for pedagogisk arbeid
  • gjere greie for sentrale trekk i utviklingspsykologien og nytte desse i det pedagogiske arbeidet
  • planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere aktivitetar for barn og unge som fremjar god heilskapleg helse
  • planleggje og lage enkle måltid i tråd med tilrådingar frå nasjonale helsemyndigheiter
  • rettleie barn og unge om respekt og toleranse for ulike kulturar og fellesskapet sine verdiar
  • gjere greie for tiltak som førebyggjer kriminalitet og bruk av rusmiddel

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering