Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag

  • drøfte kva det vil seie å vere ein profesjonell yrkesutøvar og god rollemodell i barne- og ungdomsarbeidarfaget og å vise profesjonalitet i eige arbeid
  • drøfte moglegheiter og utfordringar som barn og unge møter i ein digital kvardag, og rettleie barn og unge i å vise digital dømmekraft
  • gjere greie for gjeldande regelverk for pedagogiske verksemder og vurdere korleis regelverket får konsekvensar for det pedagogiske arbeidet
  • drøfte kva brukarmedverknad og medråderett betyr i møte med barn, unge og føresette, og vise korleis dette kan komme til uttrykk i praksis
  • beskrive kva mobbing og krenkjande åtferd er, gi døme på førebyggjande tiltak og vise kva aktivitetsplikta inneber
  • reflektere over samanhengar mellom identitet, seksualitet og sjølvkjensle og samtale med barn og unge om slike spørsmål
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar alderstilpassa omsorg, teikn som tyder på omsorgssvikt, og ansvar og tenesteveg ved omsorgssvikt
  • reflektere over korleis oppveksten til barn og unge kan vere ein ressurs i det praktisk-pedagogiske arbeidet
  • gjere greie for og praktisere god hygiene, og gjennomføre smitteverntiltak
  • drøfte kva helse, miljø og sikkerheit og yrkesetikk betyr for arbeids- og læringsmiljøet
  • gjere greie for ergonomiske prinsipp og bruke desse i yrkesutøvinga
  • reflektere over kva det inneber å ta miljøbevisste val i yrkesutøvinga
  • utføre grunnleggjande førstehjelp tilpassa barn og unge
  • vareta eigne rettar og plikter i arbeidsforholdet og gjere greie for korleis partane i arbeidslivet utfører samfunnsrolla si i den norske modellen

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering