Vg2 barne- og ungdomsarbeiderfag (BUA02‑03)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling

  • gjere greie for vaksne sitt ansvar i samhandling med barn og unge og drøfte korleis relasjonsferdigheitene til den vaksne påverkar samspelet mellom barn og vaksne
  • beskrive språkutviklinga til barn og unge og kva betydning språket har for personlegdomsutviklinga
  • gjere greie for prinsippa for anerkjennande kommunikasjon og vise slik kommunikasjon i praksis
  • gjere greie for ulike kommunikasjonsmetodar og vise korleis teikn til tale kan brukast i samtale med barn og unge
  • samtale med barn, unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar på ein måte som fremjar tryggleik og tillit
  • gjere greie for betydninga av eit godt sjølvbilete og ein trygg identitet for livsutfaldinga og skapargleda til barn og unge
  • beskrive kva som kjenneteiknar ei velfungerande gruppe, og reflektere over og gjennomføre tiltak dersom gruppa fungerer dårleg
  • gjere greie for kva sosial kompetanse og kulturkompetanse er, og foreslå tiltak som kan bidra til å utvikle slik kompetanse hos barn og unge
  • gjere greie for kva ein konflikt er, foreslå førebyggjande tiltak og vise metodar for konflikthandtering i praksis
  • gjere greie for korleis ein kan leggje til rette for samisk kultur i arbeidet med barn og unge

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering