Engelsk (ENG01‑04)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Etter 10. trinn: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram / yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Etter 10. trinn: Eleven kan bli trekt ut til skriftleg eksamen. Eksamen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg blei trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram / yrkesfaglege utdanningsprogram: Eleven kan bli trekt ut til skriftleg eksamen. Eksamen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Eleven kan òg bli trekt ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Etter 10. trinn: Sjå gjeldande ordning for grunnskuleopplæring for vaksne.
Etter vg1 studieførebuande utdanningsprogram / yrkesfaglege utdanningsprogram: Privatisten skal opp til skriftleg eksamen. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Privatisten skal òg opp til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.