Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter modul 1
Mål for opplæringa er at deltakaren skal kunne
- lytte til, stille og svare på enkle spørsmål om daglegdagse og kjende tema
- delta med støtte i enkle samtalar om eigne behov og kjensler, eige daglegliv og eigne interesser
- lytte til, kjenne att og bruke språklydar, stavingar og uttalemønster på engelsk
- bruke nokre kjende og nokre få nye språklæringsstrategiar i møte med engelsk
- identifisere språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til
- bruke visuelle og digitale ressursar til å forstå og finne ord og frasar på engelsk
- forstå høgfrekvente ord og frasar i enkle munnlege og skriftlege tekstar
- følgje enkle instruksjonar, gjerne med støtte i illustrasjonar
- lytte til, lese og samtale om innhald i enkle tekstar om kjende tema, gjerne med støtte i illustrasjonar
- skrive kjende ord, frasar og korte setningar
- kople språklydar til bokstavar og stavemønster og trekkje bokstavlydar saman til ord
- bruke enkel teiknsetjing
- bruke nokre høflegheitsuttrykk på engelsk og samanlikne med andre språk og kulturar som deltakaren kjenner til
- bruke eit avgrensa engelsk vokabular i to- eller fleirspråkleg kommunikasjon
- beskrive på en svært enkel måte eigen motivasjon for å lære engelsk
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Deltakarane viser og utviklar kompetanse i engelsk modul 1 når dei, med støtte frå konteksten, taler og samtaler om enkle kjende og daglegdagse tema. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei lyttar til og les enkle tekstar om kjende tema, og når dei skriv kjende ord, frasar og korte setningar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei tek i bruk nokre kjende og nokre få nye strategiar og ressursar som støtte i læringsarbeidet.
Læraren skal leggje til rette for deltakarmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å synleggjere og byggje på det deltakarane har av kompetanse, ressursar, erfaringar og motivasjon for å lære engelsk. Læraren og deltakarane skal vere i dialog om deltakarane si utvikling i engelsk. Deltakarane skal få høve til å setje ord på kva dei meistrar, og reflektere over si eiga faglege og språklege utvikling. Dei skal få tilbakemelding om kva som er forventa av dei, og korleis dei kan arbeide vidare for å nå måla sine for opplæringa. Læraren skal bruke undervegsvurderinga til å tilpasse den vidare opplæringa. Undervegsvurderinga skal bidra til at deltakarane bruker kompetansane, erfaringane og dei språklege ressursane sine til å utforske og prøve seg fram i vidare læring.