Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kjerneelement
Kommunikasjon
Deltakarane skal skape meining, bruke språket og samhandle i ulike samanhengar, inkludert autentiske og praktiske situasjonar. Dette inneber å ta i bruk eigna strategiar, medium og kjelder i munnleg og skriftleg kommunikasjon på ein kritisk og etterretteleg måte. Deltakarane skal få oppleve, bruke og utforske språket frå første stund. Gjennom mediering kan deltakarane leggje til rette for og tilpasse kommunikasjon på tvers av språkleg eller kulturell bakgrunn.
Språklæring
Deltakarane skal utvikle språkleg medvit og kunnskap om språklege mønster og kunne bruke språklæringsstrategiar. Kunnskap om korleis ein bruker språklydar, ordtilfang og ord-, setnings- og tekststrukturar, gir val og moglegheiter i kommunikasjon og samhandling. Å sjå samanhengar mellom engelsk og andre språk deltakarane kan og kjenner til, støttar opp om den framveksande to- eller fleirspråklegheita til deltakarane. Gjennom utforsking av eiga språklæring blir deltakarane betre i stand til å lære og forstå språk i eit livslangt perspektiv.
Tekst i kontekst
Deltakarane skal lese, lytte til, vurdere og bruke engelskspråklege tekstar til ulike formål i eige liv og i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Dei møter engelskspråkleg tekst i praktiske og estetiske samanhengar og som kjelde til læring, informasjon og underhaldning. Tekstomgrepet er brukt i vid forstand. Tekstane kan vere munnlege og skriftlege, trykte og digitale, grafiske og kunstnariske, formelle og uformelle, skjønnlitterære og sakprega. Tekstane kan innehalde skrift, bilete, lyd, teikningar, grafar, tal og andre uttrykksformer som er sette saman for å formidle ein bodskap.
Interkulturell kompetanse
Deltakarane skal nytte og vidareutvikle interkulturell kompetanse i møte med menneske som har ulik språkleg eller kulturell bakgrunn. Dette inneber kunnskap om praksisar, normer og verdiar i område og på arenaer der engelsk blir brukt, og forståing for mangfald i og på tvers av samfunn og grupper. Gjennom samhandling og tekst kan deltakarane få djupare innsikt i andre sine erfaringar, deriblant ulike minoritetar sine perspektiv og urfolk sine levemåtar, tenkjesett og tradisjonar.