Engelsk FOV (ENG05‑01)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Etter modul 4:
Deltakaren skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for deltakarar
Etter modul 4:
Deltakaren kan trekkjast ut til skriftleg eksamen. Eksamenen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. Deltakaren kan òg trekkjast ut til munnleg eksamen med førebuingsdel. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt.
Eksamen for privatistar
Etter modul 4:
Privatisten skal opp til skriftleg eksamen. Eksamenen skal ha førebuingsdel. Skriftleg eksamen blir utarbeidd og sensurert sentralt. I tillegg skal privatisten opp til munnleg eksamen. Munnleg eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Kommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Modulvurdering
Etter modul 1:
Deltakaren skal ha éi vurdering.
Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 2:
Deltakaren skal ha éi vurdering.
Karakterskalaen som skal brukast, er den tredelte skalaen låg måloppnåing, middels måloppnåing, høg måloppnåing.
Etter modul 3:
Deltakaren skal ha éi vurdering.