Engelsk FOV (ENG05‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 4

  • lytte til og forstå innhaldet i munnleg kommunikasjon om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • uttrykkje seg forståeleg og samanhengande om emne knytte til utdanning, arbeidsliv og samfunn
  • uttrykkje og grunngi eigne meiningar om personlege og samfunnsaktuelle tema
  • lytte til og forstå nokre variasjonar i engelsk uttale
  • utforske språklege likskapar og forskjellar mellom engelsk og andre språk deltakaren kjenner til, og bruke dette i eiga språklæring
  • lese, diskutere og vidareformidle innhaldet i ulike typar tekstar, inkludert samansette tekstar
  • skrive formelle og uformelle tekstar tilpassa formål, mottakar og situasjon
  • bruke eit variert ordtilfang og ulike ord-, setnings- og tekststrukturar til å kommunisere tydeleg og formålstenleg
  • bruke kjelder på ein kritisk og etterretteleg måte
  • tileigne seg kunnskap om praksisar, normer og verdiar i område og på arenaer der engelsk blir brukt, for å tilpasse kommunikasjonen til den språklege og kulturelle bakgrunnen til mottakaren
  • mediere informasjon om ulike tema ved å trekkje vekslar på eige språkleg og kulturelt repertoar, fortrinnsvis gjennom omsetjing, forklaring eller formidling
  • utforske og samanlikne situasjonen til urfolk og minoritetar i Noreg og andre land
  • bruke varierte strategiar i kommunikasjon, språklæring og tekstskaping
  • vurdere og bruke ulike digitale ressursar og verktøy i samhandling, språklæring og tekstskaping
  • beskrive og reflektere over rolla engelsk har i utdanning, arbeidsliv og samfunn i Noreg og i andre land

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering