Historie (HIS01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål og vurdering vg3
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- reflektere over korleis fortolkingar av fortida er prega av notidsforståing og forventningar til framtida
- reflektere over korleis ulike aktørar bruker fortida, og drøfte formålet med denne historiebruken
- utforske fortida ved å formulere problemstillingar, finne, vurdere og bruke ulikt materiale og presentere eigne slutningar
- utforske ein historisk person og diskutere hans eller hennar tenking, handlingsrom og val i lys av samtida han eller ho levde i
- samanlikne ulike framstillingar av ei hending og reflektere over at historiske framstillingar er prega av ståstaden og konteksten til opphavspersonen
- drøfte i kva grad utviklinga i ulike periodar har vore prega av brot eller kontinuitet, og vurdere kva som gjer ei hending i fortida betydningsfull
- gjere greie for tankar og ideologiar som har lege til grunn for politiske omveltingar frå opplysningstida til i dag, og vurdere kva desse har betydd for folks moglegheiter til demokratisk deltaking
- reflektere over korleis teknologiske omveltingar frå den industrielle revolusjonen til i dag har endra folks liv og forma forventningar til framtida
- gjere greie for årsaker til at menneske har migrert, og diskutere kulturmøta sett frå ulike perspektiv
- gjere greie for årsaker til at kolonimakter la landområde under seg, og drøfte konsekvensar for menneske og samfunn i land og område som blei koloniserte
- drøfte bakgrunnen for verdskrigane og eit utval andre sentrale krigar eller konfliktar og reflektere over om fredsslutningar har bidrege til å skape fred og forsoning
- utforske folks handlingsrom og valmoglegheiter i konfliktsituasjonar og vurdere konsekvensar av vala dei har gjort
- reflektere over korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet og fram til i dag har bidrege til undertrykking, terror og folkemord som holocaust
- analysere korleis framstillingar av fortida har blitt brukte i Noreg for å skape nasjonal identitet, og drøfte kva verknader dette har hatt for ulike grupper
- utforske korleis folk har arbeidd for myndiggjering og frigjering i norsk og samisk historie, og gjere greie for korleis dei samstundes har bidrege til utviklinga av demokratiet
- gjere greie for velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet og drøfte konsekvensar for folks liv
- vurdere korleis mennesket har forhalde seg til naturen, forvalta og brukt ressursar, og bruke historiske perspektiv i samtale om berekraftige løysingar
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane utviklar og viser kompetanse i historie på vg3 når dei bruker historiefaglege metodar og historiefagleg materiale for å finne svar, og når dei forstår folks utfordringar og handlingar i historiske kontekstar. Dei utviklar og viser òg kompetanse når dei formulerer faglege problemstillingar, og når dei finn og kritisk bruker historisk materiale i refleksjon og argumentasjon til å konstruere historieforteljingar. Elevane utviklar og viser vidare kompetanse når dei presenterer ulike perspektiv på fortidige hendingar, og når dei reflekterer over korleis framstillingar av fortida blir brukte, og korleis fortida bidreg til å prege dei sjølve som menneske.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege og praktiske måtar å tileigne seg og vise kompetanse i faget på, og gjennom å la elevane få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i historie. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i historie.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i historie ved avslutninga av opplæringa etter vg3. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i historie basert på kompetansen eleven har vist når eleven har brukt kunnskapar og ferdigheiter i kombinasjon.