Historie (HIS01‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i historiefaget er å kunne framstille eit fagleg emne presist og sjølvstendig og å bruke faglege omgrep i eigen argumentasjon. Det inneber òg å lytte til, vurdere og gi respons på innspel frå andre i faglege samtalar. Det betyr å kunne reflektere over meiningsinnhald i tekstar, bilete og film, å innta ulike perspektiv og å kunne gjere greie for og samanlikne synspunkt i historisk materiale og litteratur.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i historiefaget er å kunne planleggje og utforme tekstar med eit fagspråk tilpassa formål og mottakar. Det betyr å kunne presentere eit fagleg emne presist og sjølvstendig og å kunne bruke faglege kunnskapar og omgrep i sjølvstendige refleksjonar om forhold i fortida. Å skrive er òg ein måte å utvikle og strukturere tankar på og ein metode for å lære i faget. Å kunne skrive inneber vidare å bruke ulike kjelder på ein etterretteleg måte.
Å kunne lese
Å kunne lese i historiefaget inneber å utforske, tolke og reflektere over innhaldet i historiefaglege tekstar. Det inneber òg å tolke historisk materiale av ulik art, av ulikt opphav og frå ulike periodar. Å lese handlar vidare om å reflektere over korleis verdiar, haldningar og ståstad påverkar framstillinga av fortida, og korleis denne framstillinga blir brukt.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i historiefaget inneber å kunne bruke digitale verktøy til å tileigne seg kunnskap og utvikle kompetanse i faget. Det inneber å søkje etter, vurdere og bruke informasjon kritisk og etterretteleg. Det inneber òg å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsverktøy på ein kreativ og formålstenleg måte og samstundes vise digital dømmekraft.