Historie (HIS01‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I historiefaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å gi elevane forståing av at dei er historieskapte og historieskapande. Dette skal bidra til at elevane kan forstå, påverke og meistre sitt eige liv. Elevane skal sjå at fortida og korleis ho blir framstilt, er med på å forme korleis folk og samfunn oppfattar seg sjølve og andre. Dette har betydning for utviklinga av ein trygg identitet. Innsikt i korleis folk har vore med på å skape historie, gir elevane forståing av at òg dei kan vere med på å forme samtida og framtida si. Ei slik forståing kan vere med på å gi meining til livet og motivere til gode verdival. Historiefaget handlar om korleis folk i fortida handterte livsvilkåra sine, og elevane skal utvikle historisk empati. Dette skal gi elevane eit grunnlag for å utvikle respekt for andre og for å ta ansvarlege livsval.
Demokrati og medborgarskap
I historiefaget handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å gi elevane forståing av opphavet til og utviklinga av demokratiet. Faget gir òg elevane forståing av kva som gjer demokrati levedyktige. Elevane skal kunne sjå at demokratiet ikkje har vore og ikkje er ei sjølvfølgje, men ei følgje av val menneske har gjort, gjer og vil gjere i framtida. Gjennom historiefaget blir elevane trente til å sjå eit mangfald av perspektiv og til å forstå at folk har ulike prioriteringar, haldningar og verdiar i ulike kontekstar. Historiefaget bidreg dermed til å gjere elevane medvitne om kva moglegheiter dei har til å vere aktive medborgarar.
Berekraftig utvikling
I historiefaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å gi elevane forståing av samspelet mellom mennesket og naturen. Faget viser korleis menneske har stilt seg til naturen, forvalta og brukt ressursar. Historiefaget fortel òg om korleis menneskeleg aktivitet har endra livsvilkåra på jorda, samstundes som mennesket òg har hatt evne til å løyse problem som har oppstått. Historiemedvit gir elevane forståing av at konsekvensane av vala deira blir historie for andre. Dermed kan dei òg bli medvitne om sine eigne moglegheiter til å bidra til eit meir berekraftig samfunn.