Historie (HIS01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Historie er eit sentralt fag for kultur- og samfunnsforståing, danning og identitetsutvikling. Faget skal bidra til at elevane forstår seg sjølve og samfunnet og at strukturar, verdiar og haldningar i samtida har røter i fortida. Gjennom faget skal elevane utvikle innsikt i sentrale historiske hendingar og samanhengar og kva handlingsrom folk hadde før i tida. Faget skal vidare bidra til at elevane blir aktive medborgarar som kan orientere seg, ta stilling til og sjå notidige utfordringar i ein historisk samanheng. Erkjenning av at verda har vore annleis, og at samtida og framtida kan bli ei anna, er ein viktig føresetnad for aktiv samfunnsdeltaking. Gjennom faget skal elevane utvikle evne til kritisk tenking og vitskaplege tenkjemåtar som set dei i stand til å innhente kunnskap og til å forstå korleis kunnskap blir til, og korleis framstillingar av fortida blir brukte og misbrukte. Dette gir elevane kompetanse som førebur dei for deltaking i samfunns- og arbeidsliv.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Historie skal bidra til at elevane utviklar innsikt i norsk og samisk historie og kulturarv, og forståing for mangfald. Faget skal òg utvikle elevane sitt medvit om korleis mennesket har påverka natur og klima, organisert seg i samfunn og skapt og løyst konfliktar. Gjennom faget skal elevane utvikle forståing av demokratiske verdiar og menneskerettane. Elevane skal vidare utvikle forståing av verdiar som likeverd, likestilling og etisk medvit gjennom historiemedvit, historisk empati og perspektivmangfald. Når elevane arbeider utforskande med historie og utviklar kjeldekritisk kompetanse, styrkjer det nysgjerrigheit, engasjementet og kritisk tenking.