Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- moglegheiter innanfor handverksteknikkar og eigna teknologi ved å arbeide vidare med og samanføye harde, plastiske og mjuke materiale
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- haldbarheita til materiale og moglegheiter for reparasjon og gjenbruk, og
Å vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
ulike verktøy og materiale på ein formålstenleg og miljømedviten måteÅ bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko eller utfører ei handling for å oppnå eit mål. Å bruke hengjer nært saman med å nytte, forstått som å gjere bruk av, ta i bruk, for eksempel ein metode eller eit verktøy.
- løysingar gjennom ein stegvis designprosess og
Å utvikle kan vere å designe, skape, modellere eller utforme nye metodar, eit produkt eller ei teneste.
haldbarheit, funksjon og estetisk uttrykkÅ vurdere er å vurdere ulike sider ved eit saksforhold eller synspunkt. Det kan òg omfatte å bedømekvaliteten ved eit produkt eller ein prosess. Ei vurdering resulterer ofte i ei avgjerd, ei bedøming eller ein konklusjon.
- korleis digitale verktøy og ny teknologi kan gi moglegheiter for kommunikasjonsformer og opplevingar i skapande prosessar og produkt
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
- visualisere form ved hjelp av frihandsteikningar, arbeidsteikningar, modellar og digitale verktøy
- korleis identitet og stadtilhøyrsel blir kommunisert i arkitektur, klestradisjonar, kunst eller gjenstandar, og integrere kulturelle referansar i eige skapande arbeid
Å analysere er å undersøke ei sak, ein gjenstand eller eit omgrep for å få avdekka ein bodskap eller ei meining. Å analysere kan bety grundig og systematisk behandling av enkeltelement og samanhengen mellom dei. Analysen kan òg gjelde ein arbeidsprosess.
- undersøkje korleis kunst, inkludert samisk kunst, kan bidra i samfunnskritikk, og skape kunstuttrykk som belyser utfordringar i eiga samtid
- kritisk over visuelle verkemiddel og eksperimentere med ulike visuelle uttrykk i ein skapande prosess
Å reflektere er å undersøke og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andre sine handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.
- lage skisser til fornying av lokale omgivnader og modellere arkitektoniske løysingar som tek vare på ulike behov og interesser
- fordjupe seg i ei visuell uttrykksform og/eller ein handverksteknikk,moglegheiter gjennom praktisk skapande arbeid og
Å utforske handlar om å oppleve og eksperimentere og kan ivareta nyfikne og undring. Å utforske kan bety å sanse, søke, oppdage, observere og granske. I nokre tilfelle betyr det å undersøke ulike sider av ei sak gjennom open og kritisk drøfting. Å utforske kan òg bety å teste eller prøve ut og evaluere arbeidsmetodar, produkt eller utstyr.
val frå idé til ferdig resultatÅ presentere er å vise, forklare og leggje fram eit fagleg emne eller eit produkt. Måten å presentere på kan variere, men målet med ein presentasjon er å gjere emnet eller produktet tilgjengeleg for andre. Presentere kan òg bety å illustrere og å demonstrere.
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i kunst og handverk på 8., 9. og 10. trinn når dei bruker ulike kreative strategiar og praktisk problemløysing i arbeid med visualisering, ulike materiale og digitale verktøy. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei reflekterer over miljømedvite forbruk, visuelle verkemiddel, kulturelle referansar og handverkskvalitet.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver i verkstadene og ved at elevane får belyse utfordringar i samtida gjennom skapande prosessar. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i kunst og handverk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling når det gjeld både prosess og produkt. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i praktisk problemløysing, kreative prosessar, visuell kommunikasjon og refleksjon over visuell og materiell kultur.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetanse eleven har i kunst og handverk ved avslutninga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kunst og handverk basert på kva eleven viser av handverksferdigheiter i ulike materiale, og på eleven sin bruk av kreative strategiar og kompetanse i å visualisere idear. Karakteren skal òg vere basert på korleis eleven reflekterer over estetiske uttrykk, kulturelle referansar, funksjon og haldbarheit i eigne og andre sine arbeid.