Vg2 tømrar (TMF02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter konstruksjonar og klimaskal
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- risikovurdere arbeidet og lage og følgje ein plan for helse, miljø og sikkerheit
- montere og bruke stillas på opptil ni meter og setje i verk sikkerheitstiltak for arbeid i høgda
- kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, vurdere konsekvensar av feilhandtering og setje i verk tiltak
- bruke handhalde verktøy, bygningssag, stropp og anhuk og vurdere konsekvensar av feilbruk
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid på prosjekt, berekne kostnader og drøfte faktorar som påverkar lønnsemd
- utarbeide målsette skisser for konstruksjonar og bygningar og overføre mål frå teikning til konstruksjon
- byggje og montere berande veggkonstruksjonar og gjere greie for korleis fukt og temperaturendringar påverkar konstruksjonen
- byggje og montere takkonstruksjonar og himlingar og gjere greie for korleis eigenlast, vindlast og snølast påverkar bygningen
- byggje og montere bjelkelag og etasjeskiljarar og gjere greie for korleis eigenlast og nyttelast påverkar konstruksjonen
- byggje utvendige trekonstruksjonar og vurdere korleis klimatiske forhold påverkar konstruksjonen
- drøfte kva krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap, og beskrive kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har i arbeidslivet
- byggje konstruksjonar for brukarar i ulike livssituasjonar og reflektere over korleis tilgjengelegheit og universell utforming fremjar folkehelse
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget konstruksjonar og klimaskal når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i programfaget konstruksjonar og klimaskal. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget konstruksjonar og klimaskal ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget konstruksjonar og klimaskal basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.