Vg2 tømrar (TMF02‑01)
Kjerneelement
Konstruksjonar
Kjerneelementet konstruksjonar handlar om å byggje trekonstruksjonar og andre konstruksjonar med utgangspunkt i korleis laster og krefter verkar på konstruksjonane, og korleis dei beheld styrke og stabilitet. Det handlar om å byggje brannhemmande og lyddempande konstruksjonar. Vidare handlar kjerneelementet om å vurdere, sortere og omarbeide trevirke og byggjevareprodukt. Å planleggje, gjennomføre, risikovurdere og dokumentere arbeidet, setje i gang risikoavgrensande tiltak og montere stillas er også ein del av kjerneelementet.
Bygningsfysikk
Kjerneelementet bygningsfysikk handlar om å komplettere nye og eksisterande konstruksjonar. Vidare handlar bygningsfysikk om korleis varme-, luft- og fukttransport i bygningar påverkar kvaliteten til ein konstruksjon. Det handlar også om å måle tettleiken i konstruksjonar og bygningar for å tilfredsstille krava i gjeldande regelverk. Kompetanse på oppbygginga og eigenskapane til trevirket er også ein del av kjerneelementet.
Rehabilitering
Kjerneelementet rehabilitering handlar om å utbetre eksisterande bygningsdelar med nye og gjenbrukte materiale og løysingar. Det handlar om å tilpasse og føye saman nye materiale med eldre materiale og konstruksjonar. Kjerneelementet handlar vidare om å endre konstruksjonar for å tilpasse dei til nye funksjonsområde. Å følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit er også ein del av kjerneelementet. Det handlar vidare om å drøfte regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet, og å reflektere over eigen praksis.