Læreplan i banemontørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BAN3-01)
Utgått
Føremål
Den første jernbanelinja i Noreg blei fullført i 1854 og gjekk mellom Oslo og Eidsvoll, ei strekning på 58 km. Få år seinare var fleire byar knytte saman med jernbane. ”Rallaren”, som banemontøren den gong blei kalla på folkemunne, var ein viktig ressurs for utviklinga av infrastrukturen i Noreg. Banemontørarbeidet blir gjort på og ved offentlege og private jernbaner, T-baner og trikkelinjer.
Banemontørfaget skal medverke til utbygging av jernbaneinfrastrukturen og sikker gods- og persontrafikk. Faget skal medverke til vedlikehald og kontroll av sporanlegg til ulike årstider og under ulike vêrforhold. Jernbanesektoren tek i bruk nye maskiner, nytt utstyr og nye arbeidsmetodar. Endra kvalitetskrav og krav til utforming av arbeidsoppgåvene krev eit solid fagleg fundament.
Opplæringa skal medverke til å utvikle evna til å planleggje, gjennomføre og vurdere eigne arbeidsoppgåver i tråd med krav frå brukarane, prioriteringar i samfunnet og gjeldande regelverk. Vidare skal opplæringa fremme kreativitet og gode arbeidsvanar i samspel med kollegaer og andre yrkesutøvarar.
Bygging av jernbaneanlegg medfører inngrep i naturen og miljøet. Opplæringa skal derfor fremme ei medviten haldning til ressursspørsmål og helse, miljø og tryggleik.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er banemontør.
1 av 7