Læreplan i banemontørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BAN3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Bygging og vedlikehald
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere arbeidet
- utføre arbeid etter rettleiingar og teikningar
- gjere greie for val av skinner og bruke ulike metodar for utlegging
- byggje og halde ved like sporanlegg og sporvekslar med bruk av relevant utstyr
- kontrollere sporanlegg og sporvekslar
- byggje og halde ved like planovergangar
- gjere greie for val av sviller og bruke ulike metodar for utlegging
- bruke ulike metodar ved legging av sporvekslar
- kontrollere hjul- og skinneslitasje og vedlikehalde ulike typar skinnefeste
- vedlikehalde heilsveist spor
- vedlikehalde grøfter, stikkrenner og støttemurar
- kontrollere for vindskeivheit og byggje overhøgderampar i sporet
- måle sporvidd og rette feil i sporet i samsvar med data frå målevogndiagram
- kontrollere sporgeometrien i forhold til vertikal- og horisontalkurver
- justere spor og sporvekslar ved hjelp av ulike maskiner
- vurdere behovet for ballastreinsing
- vedlikehalde plattformer, lasterampar og ulike typar bruer
- utføre kjeldesortering og handtere avfall etter gjeldande regelverk
- sikre og sperre av byggjeplassar og anleggsområde
- følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp
- bruke digitale verktøy i arbeidet
Bransjelære
- gjere greie for den historiske utviklinga til faget og drøfte kor viktig det er for samfunnet
- gjere greie for krefter som verkar i sporet, og krav til heilsveist spor
- utføre enkle sporgeometriske utrekningar
- gjere greie for ulike typar brukonstruksjonar
- gjere greie for oppbygging og tilpassing av hjul og skinner
- gjere greie for korleis overhøgder blir nytta i sporet, og for forholdet mellom overhøgd og fart
- gjere greie for forholdet mellom fart og sporvidd og krav til overbygningsklasser
- vurdere vedlikehaldsstrategiar med utgangspunkt i ulike kvalitetsklasser
- gjere greie for krav som blir stilte til ballast og ballastprofilering i sporet
- gjere greie for minste tverrsnitt som ledd i å halde sporet fritt for hindringar
- gjere greie for ulike metodar for vegetasjonskontroll langs spor og ved stasjonsområde
- gjere greie for oppbygginga av det elektrotekniske anlegget i sporet
- gjere greie for varig utfesting av sporet
- drøfte kor viktig det er med samhandling på arbeidsplassen
6 av 7