Læreplan i biologi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (BIO1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Biologi 1
Den unge biologen
- planleggje og gjennomføre undersøkingar i laboratorium frå alle hovudområda, rapportere frå arbeida med og utan digitale verktøy og peike på feilkjelder i undersøkingane
- gjennomføre eit større feltarbeid og nytte biologiske metodar til å samle inn, kartleggje og utforske ulike typar organismar og leggje fram resultata frå undersøkingane
- observere og namngje nokre vanlege artar frå ulike biotopar og samanlikne dei med omsyn til fellestrekk og variasjon ved å bruke kunnskapar frå systematikk
- trekkje ut informasjon frå biologiske tekstar, brosjyrar, aviser, bøker og frå Internett, og vurdere korleis informasjonen er underbygd
Cellebiologi
- gjere greie for oppbygginga av eukaryote celler og forklare kva for funksjonar ulike delar i cellene har
- forklare transport gjennom cellemembranen ved å bruke kunnskap om passive og aktive transportmekanismar
- gjere greie for oppbygginga og formeiringa til bakteriar og virus, og relatere det til prosessar i natur, industri og helsefagleg samanheng
Fysiologien til mennesket
- gjere greie for oppbygginga av og funksjonen til sentrale organsystem i kroppen, og drøfte årsaker til sjukdommar som har samanheng med livsstil
- samanlikne hormonsystemet og nervesystemet og forklare korleis desse systema blir påverka av ulike stoff
- gjere greie for korleis immunforsvaret og andre delar av infeksjonsforsvaret verkar
- diskutere problemstillingar som gjeld organdonasjonar og medisinske kriterium for død
Funksjon og tilpassing
- samanlikne bygning og funksjon av organsystem hos ulike dyregrupper, med vekt på sirkulasjon, gassutveksling og utskiljing, sett i samanheng med tilpassing til ulike levevilkår
- gjere greie for hovudtrekk i formeiringa av planter og dyr, sett i samanheng med utviklinga av livet på jorda
- forklare korleis opptak og transport av vatn og oppløyste stoff skjer hos planter, og diskutere kva slag tilpassing planter kan ha til ulike levevilkår
- drøfte korleis ytre faktorar påverkar vekst og utvikling hos planter
- gje døme på og grunngje korleis åtferd som kjem av evolusjon, er ein del av tilpassinga til omgjevnadene
Biologisk mangfald
- forklare kva omgrepet biologisk mangfald omfattar, og drøfte spørsmål kring ansvaret for å ta vare på biologisk mangfald lokalt og globalt
- forklare korleis ein art blir definert, og korleis det biologiske mangfaldet blir organisert i taksonomiske system
- gje døme på variasjon innanfor og mellom populasjonar av same art, og forklare kva denne variasjonen har å seie
- forklare korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar i økosystema
7 av 9