Læreplan i biologi - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (BIO1-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Biologi 2
Den unge biologen
- planleggje og gjennomføre undersøkingar i laboratorium frå alle hovudområda, rapportere frå arbeida med og utan digitale verktøy og peike på feilkjelder i undersøkingane
- planleggje og gjennomføre eit større feltarbeid med ei undersøking av biotiske og abiotiske faktorar i eit økosystem, og vurdere og presentere resultata med og utan digitale verktøy
- forklare kvifor publisering og fagleg kritikk er nødvendige prosessar i biologi som vitskap
- finne fram til ny kunnskap i biologi frå ulike medium og vurdere informasjon og påstandar i media på eit fagleg grunnlag
- diskutere på eit fagleg grunnlag etiske utfordringar innanfor biologisk forsking
- drøfte miljøutfordringar lokalt og globalt med utgangspunkt i biologisk kunnskap
- bruke animasjonar og simuleringsprogram til å vise fenomen og biologiske samanhengar
Energiomsetning
- samanlikne hovudtrekka og energiutbytet i aerob og anaerob nedbryting av glukose, og knyte energiomsetjing i celler til samansetjing av næringsstoff i kosthaldet
- forklare korleis enzym, ATP og andre kofaktorar verkar, og korleis aktiviteten til enzym blir regulert i celler og vev
- forklare korleis lysenergi kan overførast til kjemisk bunden energi i fotosyntesen, og korleis energien blir brukt til å produsere glukose
- gjere greie for korleis ytre faktorar verkar inn på fotosyntesen
Genetikk
- forklare strukturen til DNA og korleis DNA blir kopiert før cellene deler seg
- gjere greie for transkripsjon og translasjon av gen og forklare korleis regulering av gen kan styre biologiske prosessar
- samanlikne mitose og meiose med vekt på fordelinga av genmateriale i cellene som blir danna
- setje opp og teste hypotesar for kjønnsbunden og dihybrid arvegang med og utan kopling av gen
- forklare genetiske sjukdommar ved å bruke kunnskapar om arv og mutasjonar, og gjere greie for korleis samspelet mellom arv, miljø og livsstil kan påverke helsa hos menneska
Bioteknologi
- gjere greie for framstilling av genetiske fingeravtrykk, og korleis dei kan brukast i rettsmedisin og i studium av slektskap mellom individ og grupper av organismar
- forklare korleis genmodifiserte organismar kan framstillast, drøfte korleis dette kan nyttast innanfor medisin, produksjon av mat og biologisk forsking, og kva følgjer dette kan ha for miljøet
- gjere greie for den biologiske verdien av stamceller, forklare prinsippa for reproduktiv og terapeutisk kloning og drøfte etiske sider ved val av ulike kjelder for stamceller
- formulere og drøfte problemstillingar kring bruk av gendiagnostikk og genterapi på menneske
Økologi
- samle, bestemme og klassifisere ulike organismar og knyte opplysningar om levevis og tilpassingar til eit utval av organismane
- gjere greie for faktorar som regulerer vekst og storleik av populasjonar og forvalting av bestandar i eit berekraftig perspektiv
- gjere greie for krinsløpet til karbonet og nitrogenet i eit økosystem, og korleis miljøgifter blir konsentrerte i næringskjeder
- gjere greie for korleis energistraumen mellom trofiske nivå påverkar økosystemet
- forklare korleis økosystem kan endre seg over tid, og knyte det til klimaendring og andre miljøproblem
Evolusjon
- gjere greie for grunntrekka i evolusjonsteorien og kva slag kunnskap han byggjer på
- gjere greie for teoriar for korleis livet på jorda har oppstått, og beskrive nokre hovudtrekk i korleis utviklinga av livet på jorda har gått føre seg
- forklare korleis den genetiske samansetjinga i populasjonar blir endra gjennom mutasjonar, naturleg seleksjon, genetisk drift, genflyt, horisontal genoverføring og endring av kromosomtal
- beskrive mekanismar som hindrar genflyt mellom artar, og gjere greie for teoriar om korleis nye artar kan utviklast
- forklare korleis molekylærbiologi og genteknikkar gjev oss ny kunnskap om opphavet til artar og utviklinga av slektskapstre
8 av 9