Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-01)
Utgått
Føremål
Programfaga skal leggje grunnlaget for yrkesutøving innan brønnteknikk i olje- og gassverksemda. Brønnteknikk er utgangspunktet for aktivitetar i olje- og gassverksemda, som utgjer ein av Noregs viktigaste arenaer for teknologiutvikling, og er ei av våre største eksportnæringar. Det er viktig å ha på plass robuste og gode system for sikkerheitsstyring, og programfaga skal medverke til å sikre medarbeidarar med kompetanse til å handtere desse. Dei skal også medverke til at Noreg held oppe statusen som ein oljenasjon med solid og internasjonalt ettertrakta kompetanse i brønnfag.
Opplæringa i programfaga i brønnteknikk skal medverke til å gi eleven kunnskap om tekniske samanhengar offshore. Opplæringa skal fremme kulturforståing, toleranse og evne til å vere med på å løyse oppgåver i fellesskap. Vidare skal programfaga medverke til at eleven tileignar seg grunnkompetanse i brønnteknikk som basis for vidare utdanning. Arbeidsoppgåver i brønnfaga set krav om at arbeidet blir utført nøyaktig, sjølvstendig og planmessig, og opplæringa skal leggje grunnlaget for at eleven utviklar kompetanse i tråd med dette.
Opplæringa i brønnteknikk skal gi eleven eit godt grunnlag for å medverke til effektive operasjonsmetodar. Opplæringa skal også medverke til at eleven blir kjend med den samfunnsmessige rolla til bransjen. Yrke og arbeid i brønnteknikk er i kontinuerleg endring, og opplæringa skal derfor leggje eit godt grunnlag for livslang læring.
1 av 10