Programområde for brønnteknikk - Læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Leiting, boring og komplettering
Leiting, boring og komplettering
- gjere greie for den geologiske jordhistoria og samanhengen mellom geologien og petroleumsverksemda
- forklare bruken av ulike leitemetodar
- gjere greie for ulike metodar og utstyr for logging og testing
- forklare korleis ein utfører kjerneboring, og kvifor ein gjer det
- rekne ut trykk og trykkgradientar som kan oppstå i brønnar
- gjere greie for oppbygginga av og verkemåten til ulike typar brønnsikringsutstyr
- bruke metodar og prosedyrar for trykkontroll under boreoperasjonar i ein simulator
- gjere greie for dei vanlegaste boreoperasjonane og utstyret som blir nytta
- gjere greie for faste og flytande installasjonar og beskrive hovudsystema som finst om bord
- gjere greie for korleis ein brønn blir bygd, forklare formålet med fôringsrør og brønnhovudsystemet, behovet for sementering og metodane som blir nytta til sementering
- gjere laboratorieforsøk med ulike brønnvæsker og gjere greie for hovudfunksjonane til brønnvæsker, samansetjinga av og eigenskapane til ulike typar brønnvæsker
- forklare oppbygginga av og verkemåten til dei vanlegaste hydrauliske, pneumatiske og elektriske anlegga i samband med boring og brønnserviceoperasjonar
- gjere greie for ulike kompletteringsmetodar
- gjere greie for oppbygginga av produksjonsbrønnar, produksjonsrør, brønnhovudutstyr og ventiltre
- gjere greie for havbotnkompletterte brønnar, verkemåten til og styringsprinsippa for kontrollsystemet
7 av 10