Programområde for brønnteknikk - læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-03)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald
Komplettering, produksjon og brønnvedlikehald
- drøfte barrierar under produksjon og brønnvedlikehald
- gjere greie for forskjellige typar brønntesting og tilhøyrande utstyr
- drøfte øvre komplettering med oppbygginga av produksjonsrør, brønnhovudforankring og ventiltre
- drøfte ulike nedre kompletteringsmetodar i reservoarsona
- gjere greie for samansetjinga av og funksjonane til kompletteringsvæsker
- gjere greie for skilnaden mellom installasjons- og havbotnkompletterte brønnar
- gjere greie for drivmekanismar i reservoar, strøymingsgang og trykkfall gjennom reservoar, brønn og overflateutstyr
- gjere greie for ulike transportsystem for olje og gass
- gjere greie for årsaker til produksjonsproblem og tiltak for å løyse dei
- beskrive ulike brønndrepingsmetodar for produksjons- og injeksjonsbrønnar
- beskrive føremål og metodar for brønnintervensjon
- gjere greie for overflate- og nediholsutstyr til kabel- og kveilerørsoperasjonar
- bruke vedlikehalds- og arbeidsrutinar med kabel- og kveilerørsverkty i ein verkstad
- forklare oppbygginga av og verkemåten til dei vanlegaste hydrauliske, pneumatiske og elektriske anlegga på overflate- og havbotnanlegg
8 av 10