Programområde for brønnteknikk - læreplan i felles programfag Vg2 (BRT2-03)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Leiting og boring
Leiting og boring
- forklare samanhengar mellom dei sentrale geologiske prosessane og petroleumsverksemda
- beskrive ulike leitemetodar og ha kunnskap om korleis leitedata blir brukte
- gjere greie for faste og flytande innretningar og beskrive hovudsystema som finst om bord
- drøfte oppbygginga av og verkemåten til ulike typar barrierar
- drøfte korleis ein brønn blir bygd med fôringsrør, krav til sementering og metodane som blir nytta til sementering
- beskrive oppbygginga av og verkemåten til dei vanlegaste hydrauliske, pneumatiske og elektriske anlegga i overflate- og nedihòlsutstyret
- gjere greie for utstyr, boremetodar og borestrengsberekningar for dei vanlegaste boreoperasjonane
- gjere greie for rutinevedlikehald av borestrengen og boreutstyret
- vurdere ulike metodar og utstyr for logging ved boreoperasjonar og kunne gjere enkle tolkingar av loggdata
- gjere greie for føremålet med kjerneboring, og for utstyr og metode som blir brukte i denne operasjonen
- vurdere trykk og trykkendring i ein brønn og i brønnteknisk utstyr og kunne rekne trykk og volum i brønnen
- beskrive sirkulasjonssystemet, gjere greie for samansetjinga av og eigenskapane til boreslam og gjere laboratorieforsøk med boreslam
- bruke simulator for å gjere øvingar i boring, trykkontroll, inn- og utkjøring i ein brønn
7 av 10