Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2 (FFA2-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Drift av fartøy
Drift av fartøy
- planleggje og gjere greie for gjennomføring og dokumentasjon av ei kystreise og bestemme posisjon
- gjere greie for krav til dokumentasjon av spesielle hendingar og uhell under kystreise
- velje og bruke sjøkart og navigasjonsinstrument som hjelpemiddel for å gjennomføre sikker seglas innanskjers og i kystfarvatn under varierande forhold
- forklare prinsippa for astronomisk navigasjon
- bruke farvassbeskrivingar, seglasrettleiingar og kartrettingar
- utføre meteorologiske observasjonar og bruke resultata til å planleggje gjennomføringa av ein seglas med fartøy inntil 500 bruttotonn
- beskrive og bruke sjømerke og utføre bruvakt på fartøy inntil 500 bruttotonn etter gjeldande sjøvegsreglar og i samsvar med godt sjømannskap
- gjere greie for kva det vil seie å vere øvste ansvarlege om bord
- førebyggje ulykker og gjere reie for korleis fartøyet kan opererast trygt, basert på gjeldande regelverk for fartøy inntil 500 bruttotonn
- vurdere risiko og utføre oppgåver som leiar i krise- og nødssituasjonar
- manøvrere fartøy inntil 500 bruttotonn, med rettleiing, og bruke mindre skipsmaskinar etter gjeldande regelverk
- føre tilsyn med og berekne stabiliteten til fartøy inntil 500 bruttotonn før og etter lasting, og overvake lasting, lossing og sikring av lasta etter gjeldande regelverk
- planlegge lasting og lossing i samsvar med gjeldande miljøregelverk
- gjere greie for innhaldet i ein forretningsplan og gangen i arbeidet med å etablere eiga bedrift innan fiske og fangst
7 av 9