Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram (GEO1-01)
Utgått
Hovudområde
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
I vidaregåande opplæring er geografifaget lagt til Vg1 eller Vg2 i dei studieførebuande utdanningsprogramma, jf. Fag- og timefordeling for vidaregåande opplæring.
Geografi har kompetansemål etter Vg1 i programområde for realfag og språk, samfunnsfag og økonomi i studiespesialiserande utdanningsprogram.
Geografi har kompetansemål etter Vg2 i programområde for formgivingsfag i studiespesialiserande utdanningsprogram/ utdanningsprogram for musikk, dans, drama og idrettsfag
Oversikt over hovudområdet:
Årssteg | Hovudområde | |||
Vg1/Vg2 | Geografiske kjelder og verktøy | Landskap og klima | Ressursar og næringsverksemd | Demografi og utvikling |
Geografiske kjelder og verktøy
Hovudområdet geografiske kjelder og verktøy omfattar bruk av kart, bilete, statistikk og geografiske informasjonssystem.
Landskap og klima
Hovudområdet landskap og klima handlar om indre og ytre krefter på jorda, og kva dei har hatt å seie når landskap vart danna. Samanhengen mellom naturlandskap og kulturlandskap blir utforska og kartlagd. Hovudområdet dreier seg om sentrale klimafaktorar og årsaker til og konsekvensar av aktuelle naturkatastrofar.
Ressursar og næringsverksemd
Hovudområdet ressursar og næringsverksemd handlar om kva ressursar har å seie for lokalisering, næringsutvikling og busetnad og vurderingar av lokaliseringsfaktorar som knyter seg til den globale økonomiske verksemda i dag.
Demografi og utvikling
Hovudområdet demografi og utvikling handlar om befolkningsteoriar, folketalsutvikling og flytting på jorda. Hovudområdet omfattar fordeling og skilnader mellom fattige og rike og drøftingar av ulike typar utvikling.
2 av 7