Læreplan i geografi - fellesfag i studieførebuande utdanningsprogram (GEO1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Etter Vg1/Vg2
Geografiske kjelder og verktøy
- lese og bruke kart i ulik målestokk og gjere enkel kartanalyse
- bruke digitale kart og geografiske informasjonssystem (GIS)
- gjere observasjonar og registreringar av geografiske tema på ekskursjon eller feltarbeid og bruke dei til å sjå natur og samfunn i samanheng
- finne fram til og presentere geografisk informasjon ved å lese og vurdere tekst, bilete og statistiske framstillingar frå digitale og andre kjelder
- gje oversikt over geografiske hovudtrekk, som elvar, innsjøar, fjell, byar og land nasjonalt og globalt
Landskap og klima
- gjere greie for korleis jorda er oppbygd, hovudtypane av bergartar og korleis dei blir danna
- forklare korleis indre og ytre krefter formar landskap, og kjenne att typiske landformer i Noreg
- beskrive naturlandskap og forskjellige kulturlandskap og forklare samanhengar og skilnader mellom dei
- diskutere estetiske og økonomiske verdiar i landskap
- gjere greie for globale hav- og luftstraumar og forklare kva dei har å seie for klimaet
- gjere greie for forhold som bestemmer vêr- og klimatilhøva i Noreg
- drøfte årsakene til naturkatastrofar i verda og kva for verknader dei har på samfunn som blir ramma
Ressursar og næringsverksemd
- gjere greie for ressursomgrepet og diskutere kva som vert lagt i omgrepet berekraftig ressursutnytting
- gje døme på og samanlikne ulike former for arealbruk i Noreg
- drøfte miljøkonsekvensar i norske og samiske samfunn av bruk og inngrep i naturområde
- gje døme på korleis ein har utnytta ressursane i Noreg og drøfte korleis endringar i næringsstrukturen har påverka lokalisering og busetnadsmønster
- gje døme på lokaliseringsfaktorar som er viktige for global økonomisk verksemd og internasjonal arbeidsdeling, og vurdere kva dette har å seie i dag
Demografi og utvikling
- gjere greie for den demografiske utviklinga i Noreg med hovudvekt på situasjonen i dag
- forklare årsakene til flyttestraumar i land og mellom land og drøfte verknadene
- gje døme på teoriar om befolkningsutvikling og drøfte globale befolkningsforhold
- gjere greie for globale skilnader i fordeling og levekår, forklare moglege årsaker til dei og drøfte korleis ein kan jamne ut skilnader mellom land
6 av 7