Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF1-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Helsefremjande arbeid
Helsefremjande arbeid
- gjere greie for samanhengar mellom helse og livsstil
- drøfte og gi døme på kva den enkelte og samfunnet kan gjere for å betre eiga helse og folkehelsa, både psykisk og fysisk
- setje saman enkle måltid og vurdere energi- og næringsinnhaldet i tråd med tilrådingar om eit sunt kosthald frå helsestyresmaktene
- drøfte helse-, livsstils- og kosthaldsinformasjon og reklame i media
- gjere greie for kva den enkelte kan gjere for å halde ved lag eit godt immunforsvar og førebyggje smittespreiing, og forklare kva smittespreiing kan føre til
- forklare korleis kroppen er bygd opp og fungerer i forhold til livsstilssjukdommar, og forklare konsekvensar av svikt i vitale kroppsfunksjonar
- utføre grunnleggjande førstehjelp
- bruke rette arbeidsteknikkar og gode arbeidsstillingar, og gjere greie for samanhengen mellom ergonomi og helse
7 av 10