Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF1-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandling
- gjere greie for og gi døme på kva haldningar, verdiar og menneskesyn er, med utgangspunkt i ulike psykologiske perspektiv
- grunngi og vurdere eigne haldningar og veremåtar når omsorg og utvikling hos brukaren er målet, uavhengig av kultur, religion, livsførsel og funksjonsnivå hos den andre
- gjere greie for kva som kjenneteiknar kommunikasjon som fremjar helse, trivsel og velvære, og sjølv medverke til det
- kommunisere med ulike brukarar ut frå deira behov og modningsnivå
- drøfte og prøve ut ulike modellar for konflikthandtering
- forklare kva sosial kompetanse vil seie, og gi døme på korleis ein sjølv kan bruke sosial kompetanse i møte med menneske som er avhengige av tilbod i oppvekst-, helse- og sosialsektoren
- gjere greie for kva empati tyder innanfor oppvekst-, helse- og sosialsektoren
- gi døme på korleis empati kjem til uttrykk i handlingar, og sjølv kunne vise empati i veremåten sin
- forklare kva eit etisk dilemma er, og gi døme på slike dilemma
8 av 10