Læreplan i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling Vg3 / opplæring i bedrift (IFT3-01)
Utgått
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I industritekstilfaget farging, trykking og etterbehandling forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling inneber å kommunisere om faglege løysingar med medarbeidarar på alle nivå, leverandørar og teknisk støttepersonell.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling inneber å dokumentere, rapportere og registrere data og resultat.
Å kunne lese i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling inneber å forstå og bruke køyreoppskrifter, datablad, vedlikehaldsmanualar og interne manualar.
Å kunne rekne i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling inneber å kalkulere produksjonsoppskrifter og gjere enkle kjemiske og fysiske utrekningar.
Å kunne bruke digitale verktøy i industritekstilfaget, farging, trykking og etterbehandling inneber å meistre styringspanel for maskiner, datamaskiner og digitale måleinstrument.
4 av 7